Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 205–207

4.4.1

  1. Spørsmålet om eit eventuelt erstatningsansvar for Arne må drøftast ut frå skadeserstatningslova § 1-1. Arne får ansvar dersom han har opptredd aktlaust. Trass i den låge alderen (14 år) må vi kunne konstatere at det er aktlaust av han å sparke fotball og bruke mellomrommet mellom to vindauge som mål.

    Arne kan unngå ansvar dersom den økonomiske evna hans eller eventuelle forsikringsmoglegheiter tilseier at det er urimeleg å gi han ansvar. Domstolane har hatt ein tendens til å påleggje ansvar når ungdom i denne alderen gjer forsettleg, grovt skadeverk med store økonomiske konsekvensar. Likevel trur eg grensa for det tillatne er overskriden i dette tilfellet.

    Konklusjon: Arne får erstatningsansvar.

  2. Spørsmålet om Arnes foreldre kan få erstatningsansvar, må vurderast ut frå skadeserstatningslova § 1-2 nr. 2. Har vi først konstatert at Arne var aktlaus, er det objektive ansvaret til foreldra på det reine. Arnes foreldre får ansvar med inntil kr 5 000.

    Konklusjon: Arnes foreldre får erstatningsansvar.

  3. Spørsmålet om Katrine kan få erstatningsansvar, må vurderast ut frå skadeserstatningslova § 1-1. Katrine får neppe ansvar etter skadeserstatningslova § 1-1. Ho var berre 8 år. Rettspraksis og forarbeida tyder på at så unge menneske berre kan få erstatningsansvar i heilt ekstraordinære tilfelle.

    Konklusjon: Katrine får ikkje erstatningsansvar.

  4. Spørsmålet om Katrines foreldre kan få erstatningsansvar, må vurderast ut frå skadeserstatningslova § 1-2 nr. 2. Har vi først konstatert at Katrine ikkje handla aktlaust, får heller ikkje foreldra hennar objektivt ansvar.

    Konklusjon: Katrines foreldre får ikkje erstatningsansvar.

4.4.2

Erstatningstvisten reiser spørsmålet om Bjørn (17 år) og/eller foreldra hans kan bli ansvarleg for det tapet bileigarane har fått.

Bjørn Busks ansvar etter skadeserstatningslova § 1-1
Eit eventuelt erstatningsansvar for Bjørn Busk finn vi i skadeserstatningslova § 1-1. Vilkåret er at skaden er gjord forsettleg eller aktlaust, og at det er rimeleg å gi Bjørn ansvar.

Det er på det reine at skaden vart gjord forsettleg. Bjørn var 17 år og forstod fullt ut kva han gjorde. Skuldkravet i skadeserstatningslova § 1-1 er dermed oppfylt.

Erstatningsansvaret må også vere rimeleg. Etter § 1-1 skal det mellom anna leggjast vekt på alder, utvikling, utvist åtferd og økonomisk evne. Bjørn er 17 år og langt unna dei aldersgruppene der rettspraksis har vore svært restriktiv med å gi barn ansvar. Alderen taler for at Bjørn Busk bør få ansvar. Graden av skuld (forsett) taler også for at det er rimeleg med ansvar.

Konklusjon: Bjørn får erstatningsansvar.

Ansvaret til faren etter skadeserstatningslova § 1-2 – skuldansvar
Det første rettsspørsmålet er om faren kan få ansvar etter skuldregelen i skadeerstatningslova § 1-2 nr. 1. Faren kan få ansvar dersom han har late det mangle på tilbørleg tilsyn eller ikkje har gjort det som er rimeleg å krevje av han for å unngå skadeverk.

Det er ikkje mogleg å føre tilsyn med alt ein 17-åring gjer. Tilsynsvilkåret er først og fremst meint for tilfelle der mindre barn gjer skade mens foreldra er rett i nærleiken utan at dei grip inn for å hindre skade.

Nokre vil kanskje klandre faren for ikkje å ha gjort meir da han oppdaga sprayboksen, særleg sett i lys av kva gutane hadde gjort før. Men forarbeida til lova og rettspraksis tyder på at det skal svært mykje til for å påleggje foreldre eit skuldansvar. Eg trur ikkje det er rimeleg å krevje meir av faren enn det han har gjort. Derfor er min konklusjon så langt at det ikkje er grunnlag for å halde faren ansvarleg på skuldgrunnlag.

Konklusjon: Bjørns far får ikkje erstatningsansvar etter § 1-2 nr. 1.

Ansvaret til faren etter skadeserstatningslova § 1-2 nr. 2 – objektivt ansvar
Vilkåra for ansvar etter skadeserstatningslova § 1-2 nr. 2 er at den mindreårige handla forsettleg eller aktlaust, og at han bur saman med foreldre som har omsorga for han. Alle desse vilkåra er oppfylte. Det er derfor klart at faren får objektivt ansvar etter denne regelen. Ansvaret etter skadeserstatningslova § 1-2 nr. 2 er avgrensa til kr 5 000 for kvart enkelt skadeverk. Spørsmålet er derfor kva som skal reknast som eitt skadeverk. Har vi med eitt eller tre skadeverk å gjere?

Forarbeida til lova nemner fleire stader at det objektive foreldreansvaret ikkje er meint å kunne bli eit omfattande ansvar. Det blir mellom anna nemnt eit døme med ungdommar på innbrotsraid der ung- dommane på ei helg bryt seg inn i fleire hytter. Det skal reknast som eitt skadeverk sjølv om dei braut seg inn i mange hytter. Sett i lys av forarbeida er det klart at hærverket på dei tre bilane skal reknast som eitt skadeverk. Faren får derfor eit samla ansvar på kr 5000.

Konklusjon: Bjørns far får erstatningsansvar etter § 1-2 nr. 2.

Bjørn og faren får solidarisk erstatningsansvar etter § 5-3 nr. 1. Sidan kvar av dei kan haldast heilt eller delvis ansvarleg for skaden, svarer dei éin for begge og begge for éin. Dei tre bileigarane kan derfor krevje pengar frå både Bjørn og faren hans.

4.4.3

Læraren har løysingsforslag